Takk for innsatsen på Kniksen cup!

Som cupansvarleg vil eg takke alle som bidrog til å dra dette i hamn. Utan foreldre som veit at dugnad er å brette opp ermene, let ikkje slike arrangement seg gjennomføre :-). Takk også til alle dei unge dommarane. De gjorde ein strålande jobb! Sekretariatet mottok ingen klager på noko dommaravgjerd :-). Klubben må til slutte ta med seg vidare at tilbakemeldingane frå dei gjestane lagene var udelt positive. Ein særleg takk til Roar som losa arrangementet trygt i hamn frå start til slutt. Likeins stor takk til kafesjef Aslaug og dommaransvarleg Terje. Dykkar bidrag var også avgjerande. Avslutningsvis var det svært hyggjeleg å konstatere at me fekk dele ut den første Kniksen - cup skjorta til Roald "Kniksen" Jensens barnebarn som spelar på Fyllingsdalen G 04.

Grasrotandelen

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift